Island Spirit driv hovudsakleg med undervassreparasjonar, og aktiviteten er venta å gå betrakteleg ned gjennom vinterhalvåret.

– Vi jobbar med å omplassere noko av mannskapet, men nokre permitteringar blir det dessverre. Håpet er å kunne sette båten i drift att på nyåret med same mannskapet om bord, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore Management AS.

Island Offshore har med dette seks fartøy i opplag: Tre plattform forsyningsfartøy (PSV), to lett brønnintervensjonsfartøy (RLWI) og eit ROV-støttefartøy.

Island Spirit. Foto: Island Offshore

Tidlegare i haust har både Farstad Shipping, Olympic Shipping, Rem Offshore, Remøy Shipping, World Wide Supply, Siem Offshore og Maersk meldt båtar i opplag.

Rundt Nordsjøen ligg det no meir enn 80 skip i opplag, ifølgje skipsmeklaren Westshore, dei aller fleste av desse er norske skip.