Det gjeld Alnes hamn og stormvernet på Veidholmen i Smøla. Kystverket har tidlegare vedtatt å avhende statlege fiskerihamner som ikkje lenger er i bruk som fiskerihamner.

– Møre og Romsdal fylkeskommune viser til tidlegare vedtak i samband med overføring av statlege fiskerihamner, og ber Nærings- og fiskeridepartementet, eventuelt i samråd med Kommunal- og distriktsdepartementet og Samferdselsdepartementet, om å behalde statleg eigarskap til Alnes hamn og stormvernet på Veidholmen, heiter det i uttalelsen.

Uttalen blir send til Nærings- og fiskeridepartementet med kopi til Mørebenken.