Stordal-verksemda Sitwell og Sandvik Møbler i Ørsta flyttar begge til Sykkylven og tek plass i lokala til Hjellegjerde. Det går fram i ei pressemelding som vart sendt ut torsdag føremiddag.

«Vest Møbel AS v/Gunnar Sandnes, Sykkylven, har i dag orientert tilsette i bedriftene Sitwell AS, Stordal, Rajo AS, Sykkylven, Sandvik Møbler AS, Ørsta og Vest Møbel AS, Sykkylven om at det no er gjort vedtak om at disse bedriftene vert flytta og samlokalisert i produksjons- og kontorlokala til Hjellegjerde Eiendom AS i Sykkylven», heiter det i meldinga.

Skal spare kostnadar

Samlokaliseringa skjer ifølgje Gunnar Sandnes i Vest Møbel for å spare driftskostnadar.

Håpet er å samle eit større møbelmiljø med fleire leverandørar og underleverandørar, og få større tilgang på ulike faglege ressursar.

- Dette er vurdert til å vere den beste framtidige lokaliseringa med tanke på vidare vekst og utvikling, seier Sandnes i pressemeldinga.

Flyttar produksjonen til våren

Det er planlagt å samlokalisere dei administrative ressursane før komande årsskifte.

Det meste av produksjon og øvrige funksjonar vert flytta i løpet av våren 2013.

Ved flytting og samlokalisering vil personalbehovet verte tilpassa i samråd med dei tillitsvalde, heiter det.

Les fleire næringslivsnyheiter her

Siste året har desse bedriftene samarbeidt med felles katalog, messe og visning for kjeder.

Ved denne samanslåinga vil ein kunne presentere ein større og meir komplett kolleksjon, meiner Sandnes.