– Nok ei dramatisk melding frå Rolls-Royce
– Dette blir ein test på kva eigarskap konsernet vil stå for, seier Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest i ein kommentar til Smp.no.
173 må gå fra Rolls Royce på Sunnmøre
Flyttar produksjon
I Hjørungavåg har Rolls-Royce Marine AS om lag 200 tilsette, av totalt rundt 2.200 i Norge. Denne fabrikken produserer utstyr til seismikk- og subsea-fartøy, ein marknad som er vant til store svingingar, men som i det siste har vore ekstra utfordrande, opplyser konsernet.
– Rolls-Royce vil framleis satse i dette marknaden, og ser no på alternative løysingar for denne delen av vår verksemd, seier Helge Gjerde, fungerande President Commercial Marine i Rolls-Royce.
Ei truverdig kjelde seier til Sunnmørsposten at produksjonen i Hjørungavåg kan flyttast til Brattvåg, Ulsteinvik eller Kina.
Dei tilsette i Hjørungavåg kan bli overført internt til nye jobbar på andre fabrikkar eller i andre kontorlokale på Sunnmøre. Det kan også bli aktuelt med nedbemanning, men dette må først drøftast grundig med dei tilsette sine representantar, opplyser Rolls-Royce.
– Har stått på i alle årHalvannan time etter var dei klar for å kommentere den nye situasjonen
– Dette blir ein test
Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest ser nedlegginga som ein test på kva eigarskap Rolls-Royce vil stå for.
– Rolls-Royce har jo berre opplevd oppturar sidan dei kjøpte Vickers og Ulstein. No blir dette ein test på kva slags eigarskap dei vil stå for, seier Ingjerd i ein kommentar til Smp.no.
– Trist
Terje Høybakk i Maritim Forening Søre Sunnmøre (Mafoss) har berre ein kort kommentar i første omgang.
– Eg har nettopp sagt det til mine næraste kollegaer, at dette er trist, seier Terje Høybak til Smp.no onsdag føremiddag.
– Vil behalde marinedivisjonen
Eit anna sparetiltak i Rolls-Royce er at den såkalla «gullblokka» i Ulsteinvik blir selt, det vil seie administrasjonsbygget i Ulsteinvik sentrum.
Samtidig svirrar rykta om selskapet. Det har blant anna har det vore spekulert i at heile marinedivisjonen til industrigiganten i Norge kan bli selt.
Dette meiner Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonssjef i Rolls-Royce Marine å kunne tilbakevise.
– Det har vore ein del spekulasjon om sal av Rolls-Royce Marine. Eg viser til kva CEO Warren East i konsernleiinga i England har sagt, at vi vil behalde både fly-, land- og sjødivisjonen, seier Wollebæk.
Rolls-Royce har leigekontrakt for bygget til 2019. Wollebæk seier at dei reknar med å vere ute av lokalet til juni neste år.
Smp.no kjem med meir