– Det er stor interesse blant lokalbefolkninga her ute, og mange som følgjer med på arbeidet. Derfor har vi også sett opp eit webkamera slik at dei kan følgje med på utviklinga i prosjektet, fortel Ragnhild Holen Relling.

Ho er tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune og prosjektleiar for nybrua mellom Bergsøya og Nerlandsøya i Herøy kommune.

Hennar førre oppdrag var som byggeleiar for bygginga av Lepsøybrua på Nordøyvegen.

Frå 1968

Den noverande brua er ikkje akkurat eldgamal. Ho vart nemleg opna i 1968. Men store korrosjonsskadar gjer at ho må skiftast ut.

Den nye brua skal derimot etter planen få eit langt liv:

– Nybrua er prosjektert for å halde i 100 år. Andre måtar å bygge på og korleis ein plasserer armeringsjarnet skal mellom anna sørge for det.

Søyla i hovudaksen mot Igesund begynner å ta form. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Anna utsjånad

Prosjektleiaren legg til at nybrua vil få ein annan utsjånad enn den noverande, slanke brua. Og nettopp den slanke forma har vore medverkande årsak til korrosjonsproblema: at armeringa har rusta opp.

Slik blir den nye brua når den står ferdig. Foto: RAMBØLL AS/KRISTOFFER ANTONSEN/MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Når ein bygger bru er det mykje som kan dukke opp under vegs, og mange usikkerheiter. Ein av dei største er knytt til grunnforholda både på land og i sjøen.

Prosjektleiaren seier at dette har så langt gått bra, med eitt lite unntak – noko som gjer at dei ligg litt bak tidsplanen.

Prosjektleiar Ragnhild Holen Relling koste seg med kake saman med bruforkjempar Bjarne Kvalsvik då ein i november i fjor markerte byggestart. Foto: Terje Engås / Arkiv

826 millionar kroner

Det er forresten arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS som har oppdraget med å byggje brua.

Vedteken kostnadsramme for den nye brua var på 826 millionar kroner.

Kostnadene med å rive gamlebrua er med i dette reknestykket. Og dette rivearbeidet skal etter kvart ut på anbod.

Den noverande brua skal rivast når den nye er teken i bruk. Foto: Terje Engås