– Det blir spennande å sjå om vi treff blink i USA med denne stolen, som er ein god representant for Scandinavian Design, seier ein spent Håkon Vad i ei pressemelding.

Vad deltek på messa International Contemporary Furniture Fair (ICFF) saman med tre andre norske bedrifter: Mandal Veveri, Røros Tweed og Figgjo.

700 utstillarar

Ifølgje ei pressemelding er det nærast blitt ein tradisjon for norske møbel-og interiørprodusentar å feire 17. mai ved å vise god norsk design under den store designmessa i New York.

For åttende år på rad er Insidenorway representert. Dette er ei fellesmønstring som er kome i stand gjennom eit samarbeid med Innovasjon Norge i New York og det norske generalkonsulatet i byen

Messa har meir enn 700 utstillarar og har besøk av meir enn 32000 interiørarkitektar, designarar, produsentar, forhandlare og innkjøparar – og presse. Ein av messedagane er dessutan open for publikum. Dei norske bedriftene håpar å gjere seg gjeldende sjølv om det er stor konkurranse om merksemda.

Oppkalla etter fly

Vad har ein brei kolleksjon, men satsar i første omgang på eitt produkt i USA – klassikaren Convair, som møtte stor internasjonal interesse da den blei lansert for første gong i 1972.

Convair er designa av Oddmund Vad i 1972. Han fekk stor merksemd og svært gode vurderingar etter den opprinnelege lanseringa under den norske møbelmessa på Sjølyst i 1972. Ei japansk avis kåra stolen til beste representant for skandinavisk design dette året. Convair er i følge designar og produsent inspirert av flytypen som var populær på den tida. Oddmund Vad brukte mange timar på reise blant anna til USA og ville hylle Convair-flyet med å kalle stoldesignet opp etter modellen.

Materiala laminert tre og skinn er typisk for skandinavisk design. Det same er dei relativt slanke dimensjonane og ein transportvennlig konstruksjon. Litt Pop-art inspirasjon kan ein også ane i dei sirkelrunde formene. Også dette er tidstypisk, ifølgje pressemeldinga.

Jaktar trendar

Ifølgje bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industri møbel+interiør er International Contemporary Furniture Fair ei viktig amerikansk messe for møbel- og interiørdesign.

- Den kan verke liten for dei som trur alt er stort i USA, men blir besøkt av viktige bransjefolk frå heile Nord-Amerika og er ikkje minst ein ynda stad for presse på jakt etter trender og nyheiter, seier Sundet og legg til at det er her ein viser det beste og her trendar og mote på interiørfeltet blir utvikla.

Messa er viktig for Insidenorway, som skal bidra til at fleire norske interiørbedrifter finn nye marknader utanfor Norge.

–Det er i den internasjonale marknaden kimen til vekst ligg, sier Sundet.

Etter magre år etter finanskrisa opplever norske møbel- og interiørbedrifter no betring i eksportmarknadene. I fjor auka eksporten med nesten fire prosent. USA er blant dei sentrale marknadene for norsk møbel- og interiøreksport.