Kleven inviterer torsdag pressa til verftet seint torsdag ettermiddag klokka 16. Arrangementet vil skjer i hovudkantina og det vil også bli ei omvisning på bedrifta, heiter det i presseinvitasjonen.

Ordknappe

Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven var ordknapp onsdag, og vil framleis ikkje lette stort meir på sløret: – Vi kan seie meir i ettermiddag, seier ho.

Heller ikkje kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland ved statsministerens kontor vil seie kvifor: – Statsministeren er invitert til å komme, og det gjør ho gjerne, seier han.

Og kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten i Hurtigruten svarar slik: – Hehe, nei. Dette blir offentleg først klokka 16 i dag.

foto
Kjem torsdag Statsminister Erna Solberg ved eit Kleven-besøk i 2014 saman med konsernsjef Ståle Rasmussen og styreleiar Kjersti Kleven. Foto: Ståle Wattø

Avtalefrist utsett

Rykta har gått i vekevis i Ulstein etter at Kleven i vår kunngjorde ein intensjonsavtale om å bygge inntil fire nye hurtigruteskip. Avtalen blei omtala som den største investeringa i Hurtigruten si historie - og kan sikre arbeid for hundrevis av verftstilsette og underleverandører i distriktet i åra framover.

Fristen partane sette for å bli einige blei først sett til 16. juni, før den blei utsett til 29. juni.

Meir om Hurtigrute-avtalen:Kleven skal bygge for Hurtigruten

Glede hos Kleven-tilsette

Designar dei nye hurtigrutene (krever innlogging)

Statsministeren: – Betyr enormt for veftsindustrien

foto
Hurtigruteskip Slik såg skissene av skipa som blei vist offentleg i april.

Rolls-Royce-design

Fartøya er designa av Rolls-Royce i samarbeid med den norske yachtdesignaren Espen Øino. Det blei offentleggjort skisser av skipa i april, men den endelege utsjånaden var ikkje 100 prosent ferdig før sluttforhandlingane tok til.

Skipa Hurtigruten ønskjer å bygge, skal ha plass til 300 lugarer og 600 passasjerer. Dei skal kunne gå både som ekspedisjonsskip i polare farvatn og som ein del av flåten langs kysten, opplyste partane då.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

foto