Fjorårets selfangst i Vestisen og Austisen kunne ha vore den siste i noregshistoria. Det sa i alle fallskipper Bjørne Kvernmo på Norges einaste selskute, «Havsel».

Det ville betydd kroken på døra også for selmottaket ved Polargodt i Herøy.

Skipper Bjørne Kvermo på «Havsel» etter levering i Herøy i fjor. Foto: Knut Arne Aarset

Nærings- og fiskeridepartementet gjeninnførte nyleg tilskotsordninga for selfangstnæringa. Dermed har selfangst-skipperen bestemt seg for å halde fram med fangsttradisjonen.

Og ved landets einaste mottak av sel gjer Arnfinn Karlsen hos Polargodt seg klar for å ta imot årets selfangst. Første veka i mai er skuta venta inn.

Ser lysare ut no

Karlsen gir inntrykk av at han ikkje heilt har trudd på trugselen om at selfangsten skulle bli lagt ned.

– Vi har faktisk styrka produktutviklinga og distribusjonen, og som før tilbyr vi selolje, skinn og ulike skinnprodukt. Men det ser lysare ut for selfangsten no, ja, seier Karlsen.

Stabil bestand

Kvoten er på 21.000 grønlandssel eldre enn eitt år i Vestisen ved Grønland, og 7.000 grønlandssel i Austisen aust i Barentshavet. Berre ein brøkdel av kvoten bruker å bli tatt.

– Vi har sett ei slags stabilisering av bestanden. Kvoten er etter vår anbefaling, seier Tore Haug ved havforskingsinstituttet i Tromsø til Sunnmørsposten.

Departementet gir inntil to millionar kroner i støtte til årets selfangst.

Sjå bildeserie av fjorårets fangst: