STOCKHOLM (smp.no): I fjor heitte dei Tonning Møbelfabrikk og Stryn Møbelindustri, inntil dei såg at det beste var å slå seg saman – til Tonning & Stryn AS.

Dei er likevel smågutar samanlikna med mange av dei 700 andre utstillarane på Stockholmsmessa denne veka.

Designarar

– Vi lanserer Dina spisestove i ny tresort: kvitolja ask. Tidlegare har vi berre hatt den i flammebjørk, fortel dagleg leiar Silje Vollan.

Dina er designa av Olav Eldøy, eit kjend namn innan møbelindustrien på Nordvestlandet.

Ein annan designar, Andreas Engesvik, står bak Vang spisebord og stol, som stryningane også har teke med seg til den svenske hovudstaden.

Engesvik har også designa skåpet Gol, som Tonning & Stryn presenterer på messa.

Klassikar i rosa

Ola Windsor er ein norsk stolklassikar, teikna av Alf Sture så langt tilbake som i 1975. No blir den lansert i nye, spreke fargar – også rosa.

– Alle våre produkt blir laga heime i Stryn, av våre 16 tilsette. Det har vi også tenkt å halde fram med. Vi satsar på skikkeleg handverk frå Nordfjord, seier sals- og marknadssjef Svein Nore.

LES MEIR OM MØBELMESSA I SUNNMØRSPOSTEN SI PAPIRUTGÅVE ONSDAG