Møbelprodusenten Vad, med hovudkontor i Stordal, tek med seg klassikaren Convair og nye On til ei viktig designmesse i New York komande helg.

Over 700 utstillarar skal knive om merksemda til dei drygt 32. 000 besøkande som er venta dei fire dagane messa varer.

På den norske Insidenorway-standen stiller belysningsinnovatørane Northern Lighting, møbelprodusenten Vad og designduoen Ope. Vad tek altså med seg Convair og On over Atlanterhavet.

– Dette er to modellar vi meiner har eit internasjonalt potensial, seier administrerande direktør Håkon Vad i ei pressemelding.

Det er Norsk Industri Møbel + Interiør som står bak Insidenorway, den norske standen som stillast ut på ICFF.