Om Vad-familien får det som dei ønskjer, opnar snart eit gigantfjøs med plass til 1500 okser i den tidlegare møbelfabrikken.

Den tradisjonsrike møbelbedrifta Vad la ned produksjonen i Stordal i 2013, men allereie til hausten kan det vere ny aktivitet i lokala, melder NRK Møre og Romsdal.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Målet er å bli størst i landet på okseproduksjon i bygda som dei siste åra har vore prega av nedlegging og utflagging av arbeidsplassar.

– Folk må ha mat, og sjølv om det er manko på storfekjøt i Noreg, er det mange oksekalvar som ikkje blir avla opp fordi ingen vil gjere det. Dette ønskjer vi å utnytte, seier dagleg leiar Håkon Vad i Vad Eiendom AS til kanalen.

Vad ser vore seg at produksjonen vil gi til seks-åtte lokale arbeidsplassar frå starten, og fleire på sikt.