Dei to fartøya skal leverast frå Myklebust Verft i Gursken i desember 2014 og andre kvartal 2015.

Det går fram av ei pressemelding fredag morgon.

Kleven overtek desse to prosjekta, som får byggnr. 376 og 377, frå Bergen Group Fosen. Dette selskapet vil i staden for å satse på skipsbyggjing, auke satsinga på offshorerelatert aktivitet i staden.

Det har opna for verfta på søre Sunnmøre.

- Det er jo litt ekstraordinært å få spørsmål om å ta over eit prosjekt frå andre. Men Volstad er gamle kjende, og  Skipsteknisk design kjenner vi veldig godt. Så det var lett å vere med på dette, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven til Herøynytt.

Bergensarane gav opp

Fartøya er av typen ST 259 CD frå designselskapet Skipsteknisk i Ålesund, og er søsterskip til «Grand Canyon» som vart levert frå Bergen Group til Volstad i 2012.

- Det er to store og avanserte fartøy for subsea vedlikehald og konstruksjonsarbeid som no skal leverast frå Myklebust Verft. Vi bygde trålaren «Volstad»  til Volstad-familien tilbake i 1988, og vi ser fram til å samarbeide igjen om desse nye prosjekta, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.

Fartøya vert 127 meter lange og med ei breidde på 25 meter. Dei vil ha innreiing for 104 personar.

Kakefest i Gursken

Rasmussen fortel at dei har brukt ein månad til å vurdere prosjektet. For Kleven har tilliten mellom aktørar i den maritime klynga gjort det lett å seie ja til prosjektet.

Fredag klokka 09.30 er det allmøte på Myklebust med kaker og feiring.

Kleven-konsernet har no ordrar for ni milliardar kroner.