– Dette er svært gledeleg. Først kom meldinga om at konkursråka Stordal Møbler startar opp att, og så kom meldinga om at Sitwell blir verande.

Ein glad Stordal-ordførar Charles Tøsse (H) har god grunn til å halde tommelen i vêret.

– Møbelbransjen er ei utsett næring. Det er viktig at den ikkje forvitrar i Stordal, legg Tøsse til.

Flytteplanar

I fjor haust varsla nemleg møbelprodusentane Vest Møbel, Sandvik Møbler, Sitwell og Rajo at dei skulle gå saman og bli dotterselskap i eit heilt nytt selskap.

Vidare skulle alle saman flytte til Sykkylven der dei skulle samlast under same tak i det tidlegare Hjellegjerde-bygget. Namnet på nyskapinga var Furnia AS.Men no er det altså klart at det ikkje blir noko av denne samanslåinga og flyttinga for Sitwell sin del.

Bedrifta har bestemt seg for å halde fram i Stordal.

– Denne avgjerda har bygd seg opp over tid. Vi skulle ha flytta i sommar, men blir no i Stordal, stadfestar Geir Hoff, dagleg leiar i Sitwell AS.

Han legg ikkje skjul på at det var glede blant dei 12 tilsette då han informerte dei om vedtaket no i sommar:

– Ja, dette er nok ei avgjerd som betyr ein del både for dei tilsette og for bygda, seier Hoff.

Kompetanse

– Og kvifor vart det ikkje flytting likevel?

– Det er dei tilsette som er hovudårsaka. Vi har dyktige fagfolk her i Stordal som vi er svært avhengige av, ettersom vi framleis vil lage møblane våre i Norge. Difor held vi også fram med produksjonen i Pedro-bygget, seier Geir Hoff.

Han forklarer at Sitwell kan ikkje konkurrere på pris med møbelbedrifter som har produksjonen sin i lågkostland, og at dei difor må satse på høg kvalitet og klassisk design på sine sofaer og stolar.

– Vi opererer i ein tøff bransje, men meiner at det er ei gruppe kundar som etterspør nettopp våre produkt og er villige til å betale for det, seier Hoff.

Sjølv om Sitwell likevel ikkje blir ein del av nye Furnia AS, så vil dei ikkje bryte alle band. Sitwell vil framleis samarbeide med Furnia om nokre produkt.

Ingen kommentar

Lars Urtegård, dagleg leiar i Furnia AS, seier til Sunnmørsposten han førebels ikkje ønskjer å kommentere nyheita om at Sitwell likevel ikkje flyttar til Hjellegjerde-bygget i Sykkylven, slik planen var.

Ein som derimot meir enn gjerne kommenterer dei avlyste flytteplanane er altså ordførar Charles Tøsse:

– Sitwell-leiinga har nok sett fordelane av å bli verande i Stordal. Her har vi ein kompetanse i form av dyktig arbeidskraft som kanskje ikkje hadde blitt med på lasset dersom det hadde blitt flytting til Sykkylven, trur Tøsse.

Ordføraren legg dessutan til at 12 arbeidsplassar er mykje for vesle Stordal kommune.

<strong>GLAD:</strong> Ordførar Charles Tøsse er glad for at Sitwell blir i bygda.