Den tidlegare langrennstjerna, no sponsorsjef i Bama, var leigd inn til Næringskonferansen Søre Sunnmøre i går for å motivere dei mange frammøtte næringslivsfolka.
Han tok utgangspunkt i sin eigen karriere som skiløpar på landslaget gjennom mange år.
Kos
– Trivsel er viktig. Du skal glede deg til å gå på jobben. Der skal du kose deg, flørte og gje kompliment. Alle likar å få det. Nedturar kjem det mange av. Men dei skal ein gløyme, sa Hjelmeset.
Men korkje han eller vi har gløymd nedturen i OL i Vancouver i 2010, då skiparet hans begynte å klabbe noko infernalsk.– Det vart berre meir og meir klabbar under skia. Men eg ropte til ein i støtteapparatet at eg går så lenge stavane rekk nedi bakken.
Rubben
Etterpå forklarte han eit fulltalig pressekorps i OL kva som hadde gått gale: Han hadde fått is i rubben.
– Det var eit nytt omgrep for dei fleste. Og kommentarane hagla inn på telefonen min. Seinare fekk til og med ein språkpris for utsegna. Diplomet heng på do, sa eks-skiløparen frå Gloppen.
Is i rubben eller andre stadar, Hjelmeset meiner vi alle saman elskar å konkurrere på eitt eller anna nivå, anten det er i OL eller i vinlotteriet på jobb. Og at vi alle har vinnarvilje.
Men for å gjere det bra må ein vere ærleg mot seg sjølv, strekar Hjelmeset under.
– Å vere ærleg overfor andre, er ikkje så vanskeleg. Derimot er det ei utfordring å vere ærleg mot seg sjølv. Då eg begynte å evaluere min eigen innsats, så vart eg også ein betre løpar.
Fokus
Like viktig er det å halde fokus i det ein gjer, seier han som har premieskapet fullt.
– Det er sjølvsagd umogleg å halde fokus 24 timar i døgnet. På ein arbeidsplass som driv med sal delte dei staben inn i to grupper. Den eine gruppa skulle for kvar time ha fullt fokus i 40 minutt. Dei andre heldt fram som før, med ei blanding av arbeid, røykepausar, private samtalar og anna.
– Dei som hadde fullt fokus i 40 minutt, selde etter eitt år dobbelt så mykje som den andre gruppa, fortel Hjelmeset.
Han samanliknar med dei beste skiløparane som har fullt fokus i løypa. Som då han sjølv vann femmila i VM i 2007. Han var så fokusert på neste stavtak at han ikkje høyrde ei einaste sekundering under vegs.