Det opplyser båtprodusenten i ei pressemelding.
39-årige Garshol kjem frå stillinga som direktør ved fiskeriselskapet Olav E. Fiskerstrand AS. Garshol har også tidlegare hatt leiande stillingar i den maritime bransjen.
Reidar Vågeskar som var med å starte Mare Safety i 1999 og har vore leiar i mange år, held fram i bedrifta. Han tek no ansvar for sal, utvikling og oppfølging av selskap sine større kundar.
Mare Safety opplyser at dei opplever ei betring i marknaden med god ordreinngang for alle produktområda sine så langt i år. Trass tøffare tider har selskapet klart å halde resultata i rekneskapa på plussida dei siste åra, sjølv om inntektene har gått betydeleg ned.