For å drive meir effektivt, er det vedteke at Ekornes skal investere 17 millionar kroner i nye maskiner som skal skjere huder til Ekornes sine stolar og sofaer. Kvar maskin kostar rundt to millionar kroner. Dette er den nyaste av ei rekke investeringar i automatiseringsteknologi i bedrifta.

For å halde tritt med konkurransen frå utlandet har Ekornes som målsetjing å auke produktiviteten med 30 prosent, Nett.no. Drabløs meiner få andre aktørar i møbelbransjen har det volumet som må til for å drive lønsamt.

– Eg kan ikkje sjå at dei har volum til å gjere seg nytte av éi maskin ein gong. Det er for lite volum, og dei har heller ikkje kompetansen. Vi er meir ingeniørtunge enn ei vanleg møbelbedrift, mykje meir, seier Drabløs til nettstaden.

Rundt 25 prosent av møbelproduksjonen i Norge er flytta ut sidan finanskrisa starta i 2007. Ifølgje Drabløs har Ekornes ingen planar om å flytte ut meir av Ekornes sin produksjon. Men han viser til at lønene dei konkurrerer mot er folk i Asia som får seks dollar dagen.

Onsdag ettermiddag skal Nils-Fredrik Drabløs ha innlegg på Mørekonferansen, med temaet «Internasjonal konkurransekraft i ikke oljebasert industri, med produksjon i Norge».

Sunnmørsposten følgjer Mørekonferansen