– Den verden vi har forlatt er meir siloar, meir kynisme, mer utnytting. No handlar det meir om å samarbeide.

Det sa bølgekraftgründer Geir Arne Solheim i eit podkastintervju hos Sunnmørsposten.

Der deltok han saman med Jan Erik Våge Klepp frå Inseanergy. Klepp og Inseanergy har ganske raskt slått gjennom med solenergi til oppdrettsnæringa, basert på å gjenbruke gamle merdringar.

Geir Arne Solheim har hatt trua på bølgekraft sidan 1998. No ser det ut til at han endeleg kan få eit kommersielt gjennombrot. Foto: Jan Erik Finsæther

Fokuserer på problemløysing

Klepp og Solheim vil ikkje kalle seg konkurrentar. Det er heller slik at gründerar speler på lag og utfordrer det etablerte, opplever dei.

Solheim viste til FNs berekraftsmål nummer 17, som nettopp slår fast at ein må samarbeide for å nå dei øvrige måla.

– Og kva mål er det vi eigentleg skal nå? Det er ikkje å selje meir solkraft eller bølgekraft. Vi har eit klima vi skal redde, ein natur vi skal redde og ei utjamning som skal til. Viss du kan fikse alt er ingenting betre enn det, fortsatte Solheim og peika på Klepp.

Ved å fokusere meir på problemløysing enn på selje mest mogeleg, meiner Solheim at ein vert meir avslappa og bygger opp ein sunn delingskultur.

Frå venstre: Tarjei Engeset Ofstad (Sunnmørsposten), Jan Erik Våge Klepp (Inseanergy) og Geir Arne Solheim (Havkraft). Foto: Jan Erik Finsæther

Eit spark til det etablerte

Begge selskapa hentar pengar gjennom Folkeinvest. Der kan alle som vil, frå småsparar til proffe investorar skyte inn pengar på eiget ansvar. Solheim meiner slik finansering utfordrar gjeldande maktstrukturar. Han samanliknar det med korleis platebransjen fungerte.

– Viss du var artist og ikkje kom gjennom EMI og Universal eller nokon sånne, så blei du ikkje artist. No kan du gjere noko kult på TikTok, få med deg folk og lykkast.

Når det plutseleg er enkelt å investere direkte og utanfor etablerte kanalar, vert det «panikk i leiren», påstår Solheim.

– «Oi, kan dei gå Folkeinvest og gå forbi oss som skulle halde dette?». Det er makt i det at folk flest no får sjansen til å vise at «dette vil vi, vi aksepterer ikkje den farten det er lagt opp til. Vi køyrar på sjølv».

Gründeren meiner selskap som Inseanergy og Havkraft treffer ei nerve hos publikum.

Medan Inseanergy samla inn 30 millionar kroner i løpet av fire dagar på Folkeinvest, kunne Havkraft ikkje vite korleis emisjonen deira ville gå då desse kommentarane falt. Så Solheim forskutterte seg litt.

Podkasten vart spelt inn 11. oktober og Havkraft starta emisjonen den 12. oktober.

I skrivande stund, fredag morgon den 14., har de allerede fått inn over 11,4 millionar.

Sjå heile episoden her: