– Dette er eit spanande prosjekt. Møbelbransjen har vore kjend for å samarbeide lite. Møbelkraft kan vere med på å endre dette, seier Egil Sundet.

Han er bransjesjef for møbel i Norsk Industri. Sundet var på plass under opninga av Møbelkraft, det nye kompetansesenteret som er plassert i Sykkylven.

– Møbelbransjen har vore gjennom tøffe år. Men no ser det ut til at vi er på veg opp. I fjor var eksportveksten på knappe fire prosent. 1. halvår i år var den på 5,1 prosent, seier Sundet.

Han forklarer veksten med lågare kronekurs, og at lønsveksten har flata ut og no er på line med Norden for øvrig.

Statsråd Monica Mæland stod for den offisielle opninga. Ho roste initiativet med senteret, og hadde dette rådet å kome med:

Sjå kronikk av styreleder i NHO Møre og Romsdal, Karl Inge Rekdal: Tid for omstillinger

<strong>GJEST:</strong> Egil Sundet i Norsk Industri saman med dagleg leiar Synnøve Kjerstad i Møbelkraft. Foto: Terje Engås