The video is in English and with English subtitles.

Tøffare sanksjonar, europeisk avhengigheit av russisk olje og gass, og russisk tilgang til norske hamnar: medan relasjonane til Russland vert heftig debattert, høyrer vi lite om våre ukrainske forretningsforbindelsar. Ikkje mange veit at Ukraina har ein stor og spennande IT-industri med norske kundar.

Med oss i denne episoden har vi to som på kvar sin måte kjenner Ukraina godt. IT-gründer Håvard Notøy samarbeider gjennom selskapet sitt Fostech med ukrainske Program-Ace.

Gründer Håvard Notøy fortel om kor vanvitig det er å sjå ukrainske partnarar delta på videomøte midt oppi krigen, frå ein madrass i ein eller annan kjellar. Foto: Oda Gjevikhaug

For Viktoriia Koilo er det vondt, men samtidig meiningsfullt og viktig å snakke om krigen. Ho fortel at den først gjorde ho sint og fortvila, men at kjenslene no har glidd meir over å handle om styrke. Ho trur det ukrainske folket vil kome mentalt styrka ut av krigen. I tillegg til å fortelje frå sitt perspektiv som ukrainar med foreldre i heimlandet, beskriv ho dei viktigaste økonomiske konsekvensane krigen har for Europa.

Koilo er førsteamanuensis ved NTNU i Ålesund og har doktorgrad i økonomi. Foto: Oda Gjevikhaug

Alle episodane av Mar kan du også høyre som rein podkast, her eller i din føretrekte avspelar.

Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast om og med det lokale næringslivet. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Sidan oktober 2021 har dei fleste episodane vore gjort som videoproduksjonar. Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein e-post til tarjei@smp.no.