«Nye miljøferjer må byggjast i Norge». Dette er punkt ein i Maritimt Forum Nordvest sin strategi for å hjelpe verft- og skipsutstyrsbransjen gjennom dei vanskelege tidene. Men når Fjord1 no byggjer to elektriske ferjer skjer det i Tyrkia.

Les også: «Ampere» går over fjorden på batteri

Eit nederlag

– Dette er eit nederlag for den maritime næring vår, og for det politiske miljøet, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.

Han rosar Enova for å støtte opp under elektrifiseringa av ferjetrafikken, men etterlyser at politikarane følger opp for å sikre at dei nye ferjene vert bygde i Norge.

– Slike viktige utviklingsprosjekt, med stort eksportpotensiale, bør byggjast i Norge, om mogleg.

Sunnmørsposten meiner: «Tiltak for en sterk maritim næring»

Vekte miljø

– Kva kan politikarane gjere?

– I dag vert anboda vekta med 80 prosent pris og 20 prosent miljø. Dersom innretninga på dei offentlege anboda vert endra til meir vekt på miljø, så vil norske verft stå sterkare, seier Ingjerd.

Han får støtte frå administrerande direktør Rolf Fiskerstrand ved Fiskerstrand verft.

Utflagge teknologi

– Det trist at Lote-Anda gjekk til eit tyrkisk verft. Det var kongepokalen av norsk teknologi, så vert det utflagga, sa Fiskerstrand då han hadde besøk av Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre i førre veke.

foto
Støtte: –Tyrkia får alt servert frå Norge, seier administrerande direktør Rolf Fiskerstrand ved Fiskerstrand Verft. Arkivfoto.

Overfor Sunnmørsposten utdjupar Fiskerstrand.

– Dette er teknologi som Tyrkia ikkje har i dag. Men her får dei anledning til å byggje, og så møter vi dei som konkurrentar i neste omgang, på eit område vi veit verda vil etterspørre. Tyrkia får alt servert frå Norge, seier Fiskerstrand.

– Mitt inntrykk er at andre land er flinkare til å finne mulegheiter til å styre denne typen oppdrag, dersom det er teknologi som er viktig for nasjonen. Skal vi skape arbeidsplassar i Norge må vi eksportere produkt, ikkje kunnskap, teknologi og kompetanse, seier Rolf Fiskerstrand.