Ulukka skjedde den 27. oktober 2013, like før klokka 11 om føremiddagen. Aleinefiskaren dreiv med kombinert garn- og teinefiske om bord i ein 35 fots sjark då det gjekk gale.

Båten var på fiske i godt vêr då ulukka skjedde, og fiskaren skulle røkte seigarn, breiflabbgarn og teiner då han havna i sjøen og drukna.

No er konklusjonen frå havarikommisjonen klar, og den viser at det mest sannsynleg var ei løkke av lenketauet som hekta seg rundt fiskarens høgre legg, og som gjorde at han vart dregen over bord.

Fiskaren sto ifølgje rapporten rett ved tauverk som fór over bord.

Dei viktigaste læringspunkta etter den tragiske fisketuren, gjeld tiltak som kan minske faren for å verte dregen til sjøs under fiske.

Kommisjonen trekkjer her fram følgjande tilrådingar:

  • Eigarar av sjarkar og andre fiskebåtar bør innføre varige, fysiske tiltak som hindaer faren for at fiskarane blir dregen over bord under fiske. Med andre ord er det naudsynt å innføre tiltak slik at fiskarane fysisk er skilt frå springande tauverk og fiskereiskap.

  • Sjøfartsdirektoratet, i samarbeid med næringa, forsknings- og andre kompetente miljø, bør vurdere tiltak som bidreg til å gi fiskebåtreiarane støtte og påtrykk til å iverksetje fysiske/arrangementsmessige barrierer som kan hindre ulukker ved fiske- og fangstarbeid.

I ulukka i Selje kjem det fram at fiskaren ikkje har brukt sikkerheitsline og flytemiddel.

Både denne og andre ulukker understrekar viktigheita av at bruk av flytemiddel kan redusere konsekvensane når ein person dett i sjøen, konkluderer Statens havarikommisjon for transport i sin rapport.

Dette er fiskebåten "Sjøbas". Biletet er teken i 2007, før den omkomne tok over sjarken. Foto: SHT