Edgar Sandanger i Sunsea AS erkjenner at selskapet har støytt på store utfordringar den siste tida.

Etter at Sunnmøre Seafood AS gjekk konkurs i 2012, blei fiskeforedlingsfabrikken på Moltustranda i Herøy starta opp att som Sunsea AS. Selskapet har i dag rundt 50 tilsette, i tillegg til sesongarbeidarar. Problema i selskapet har oppstått det siste året.

– Vi starta med røyking av fisk i 2013, og investerte i eit stort røykeri. Vi undervurderte nok ein del av kostnadene og utfordringane som kom som følgje av dette, seier Sandanger til Sunnmørsposten.

Høge prisar

Ifølgje han har dei høge lakseprisane også bidrege til problema.

– Vi såg ikkje i det heile teke at lakseprisane skulle stige så mykje som dei gjorde. Det er flott for oppdrettsnæringa, men drepen for oss i foredlingsnæringa. Lakseprisane steig kraftig i slutten av 2013, og var oppe i over 50 kroner.

– Var selskapet nær ved å gå konkurs?

– Vi hadde økonomiske utfordringar, og når ein jobbar med ei refinansiering, er det alltid ei moglegheit for at det ikkje går. Men vi fokuserte heile tida på å finne ei løysing. Og det har vi fått til.

Fekk ikkje lønn til rett tid

Det har blitt forhandla med kreditorar og investorar over ein lengre periode.

– Det har vore ein komplisert prosess der mange skulle bli samde. Det gjorde at vi måtte ut i midten av juli før vi fekk til ei løysing, seier Sandanger. I mai klarte ikkje selskapet å betale ut lønn til dei tilsette. Enkelte fekk heller ikkje utbetalt feriepengar til rett tid.

– Dette vart ein akutt situasjon, og vi erkjenner at lønnsutbetalingar og feriepengar ikkje har kome til rett tid. Men med avtalen som no er framforhandla, vil lønningane og feriepengane kome i løpet av få dagar, lovar Sandanger.

Han meiner dialogen med dei tilsette har vore god, og takkar arbeidarane for tolmodet.

– Dei tilsette, leverandørane og dei finansielle samarbeidspartnarane våre skal alle ha takk for tolmodet og samarbeidsviljen dei har vist.

Deler selskapet

Handelsbanken, Innovasjon Norge, SG finans og Sparebanken Møre er mellom dei som no har godteke ein avtale om refinansiering og restrukturering av Sunsea AS.

– No deler vi drifta i to, slik at det pelagiske (sild og makrell, red. merk.) blir i ein del, og laks blir i ein del. Vi meiner dette opnar for samarbeid med andre bedrifter, både når det gjeld finansiering og sjølve drifta av anlegget, seier Sandanger.

– Korleis kan de vite at de ikkje støyter på liknande problem igjen?

– Selskapet er betre rusta no, sidan drifta er skilt ut i to delar. I tillegg er det ikkje særleg sannsynleg at lakseprisane skal nå slike skyhøge nivå igjen, seier Sandanger. Ifølgje han er det no nok eigenkapital og ein struktur i selskapet som gir grunnlag for vidare drift.