Ei lukka eigarskapssak skal opp i møtet i Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane førstkomande måndag. Det er med andre hemmeleg kva saka dreier seg om.

Ifølge avisa Firda, kan det bli orientert om resultata i ei verdivurdering av transportkonsernet Fjord1, som Sogn og Fjordane fylkeskommune er majoritetseigar i.

Herøyværingen Per Sævik er den nest største eigaren i selskapet.

Verdivurderinga vil gi eit bilde av kor mykje fylket kan få for selskapet, og vil danne grunnlaget for politiske vurderingar om å starte ein salsprosess.

– Dokumentet er strengt fortruleg, fylkesordføraren viser her til nylege drøftingar og nyleg semje i fylkesutvalet om dette, skriv administrasjonen i sakspapira.

19. juni hevda Firda at fylkespolitikarane er i ferd med å opne for sal av av Fjord1, og at fylkesrådmannen meiner dette er eitt av grepa som bør gjerast for å redusere den høge lånegjelda til Sogn og Fjordane fylkeskommune.