– Vi er ikkje overraska, men det er klart at det er veldig trist at vi no nærmar oss slutten på Sandvik Møbler AS, seier hovudtillitsvalt Einar-Arne Vartdal.

Han og kollegaene vart i eit allmøte i går ettermiddag orienterte om at produksjonen på Håvoll skal avviklast, administrasjonen før jul, og produksjonen før påska 2013. Då skal bedrifta altså slåast saman med tre andre møbelbedrifter, og den nye bedrifta reetablerast i Sykkylven.

Les også: Sandvik flyttar til Sykkylven

Samanslåing

- Vi har lenge visst at det gjekk mot ei samanslåing og samlokalisering. Men vi håpte heilt til det siste at det skulle bli her produksjonen vart samla, seier Vartdal sin kollega gjennom eit kvart hundreår, Terje Rotevatn.

Både han og Vartdal, som har arbeidd i bedrifa i 37 år, har opplevd enorme svingningar.

- På det meste var det 160 som arbeidde her, nærare bestemt på slutten av «furumøbel-tida» i 1997. Dei siste par åra har vi vore sju i produksjonen, og om lag like mange i administrasjonen. Vi har for det meste fungert som ei monteringsbedrift dei siste åra, seier Vartdal.

Frå 1947

Det var i 1947 at Pål Sandvik og Leidulf Sætre etablerte møbelbedrifta på Raudøyholmen ved Liadal. Etter nokre år flytta dei bedrifta til fastlandet, der ho har vore sidan. Bedrifta vaks og vart utvida, og til våren står rundt 10.000 kvadratmeter produksjonsareal tomt.

- Etter ein konkurs og reetablering av bedrifta for ti år sidan, har det gått nedover. Maskiner har blitt demonerte og flytta, lokala tømde. Det har vore ein heil spasertur mellom oss som framleis var att i produksjonen. Dei aller beste og nyaste produksjonslokala har dei siste åra vore brukte som vinteropplagshall for campingvogner, bubilar og båtar. Så nei, dette kom ikkje uventa, men trist er det, seier Vartdal, som saman med dei andre bur seg på å pendle til Sykkylven. – Det gjenstår sjølvsagt å sjå om vi får tilbodet, seier Vartdal.