Kortare arbeidsveke eller permitteringar kan bli aktuelt for Ekornes til hausten.

Sjå også: Nedgang for Ekornes

Men først skal Ekornes sjå korleis salet og ordreinngangen er i sommar.

Ved utgangen av juni var ordrereserven nede i 205 millionar kroner.

- Normalt vil ordrereserven auke i løpet av sommarferien. Så eg har ganske store forhåpningar om at vi har ein annan situasjon over sommaren, seier adm.dir. Nils-Fredrik Drabløs til Sunnmørsposten.

Men garanti har han sjølvsagt ikkje. Derfor har Ekornes eit behov for å informere dei tillitsvalte og dei tilsette om situasjonen.

- Men oppseiingar er ikkje aktuelt, seier Drabløs.

Ærleg

Også hovudstillitsvalgt Asbjørn Sjåstad tar sommar med stor ro.

- Dette er ei børsmelding som er ærleg og redeleg. Vi blir løpande orientert om ordrereserven. Og vi syns det er viktig at status kjem fram slik at folk veit om det. Så ser vi kva status er når vi kjem tilbake etter sommaren, seier Sjåstad.

Sommaren 2011 vurderte Ekornes ei liknande løysing. Då var ordrereserven nede i 206 millionar kroner. Den gongen gjekk det bra.

- Situasjonen no er ganske lik juni for to år sidan, seier han.

Stabiliserar seg

Drabløs ser at marknaden fleire stader er i ferd med å stablilsere seg. Den største enkeltmarknaden til Ekornes er Mellom-Europa.

- Situasjonen no er den same som etter første kvartal. Den tyske marknaden er stabil. Marknaden i USA viser teikn til å stabilisere seg, og kanskje er det muleg å sjå ei lita lysning. Og den danske marknaden er bra.

Elles er mange forbrukarar forsiktige, også i Norge, fortel Ekornes-leiaren.

- Men den norske krona har svekka seg. Og det kan verke positivt på sikt, seier Drabløs.

Hypotetisk

Drabløs og Sjåstad vil ikkje seie noko om kva som kan skje dersom det må gjerast tiltak.

- I tilfelle det blir aktuelt, vil vi tillitsvalte vere informert og delaktig. Det er slik vi jobbar, seier Sjåstad.

Les nyheiter frå næringslivet på smp.no

Adm.dir. Nils-Fredrik Drabløs i Ekornes har tru på at ordresituasjonen er betre over sommaren. Foto: Karl Johan Vatne
Arkiv. Hovudtillitstvalg Asjørn Sjåstad i Ekornes tar sommarferie med stor ro trass lav ordreinngang i andre kvartal. Foto: Atle Hole