– Prisskilnaden mellom sei og torsk har auka jamt dei siste ti åra, med ein kort periode under pandemien som einaste unnatak. Men prisskilnaden har aldri før vore så stor som han er i dag. No kostar sei godt under halvparten så mykje som torsk. I somme kategoriar er prisen på sei faktisk ein tredel av tilsvarande torskeprodukt, fortel sjefanalytikar hjå Seafood Nordea, Finn-Arne Egeness, til Nynorsk pressekontor.

Prisane har falle både på fersk og fryst sei. Forklaringa er både reduserte torskekvotar, høgare seikvotar og lågare prisar på konkurrerande sei. Samla har det gjort seien til eit attraktivt alternativ til torsk i dei tronge økonomiske tidene verda er inne i, forklarar Egeness.

Ei kjapp prisundersøking på allematpriser.no 17. januar synte at Rema1000 sin frosne seifilet blir selt for kroner 76,50 per kilo, medan Meny sel First Price seifilet i blokk til ein kilopris på 74,25 kroner. Til samanlikning kostar både Rema1000 sin frosne torskefilet og First Price-torskefilet 131,25 kroner kiloen.

Klippfisk til Karibia

I 2023 vart det eksportert norsk sei for rekordhøge 4 milliardar kroner, trass den svake norske krona. Det var ein auke på 9 prosent mot 2022. Sjølve prisen auka med 6 prosent.

– Den største kjøparen av norsk sei er klippfiskindustrien, som sel han til marknader i Vest-Afrika, Karibia og Sør-Amerika. Den dominikanske republikk, Republikken Kongo og Brasil er dei aller største marknadene. Men sjølv om mange brasilianske forbrukarar har bytt til klippfisk av sei og eksporten dit auka med 25 prosent i fjor, har voluma totalt sett vore ganske stabile. No når seikvoten har auka, må det difor seljast meir sei som filet, seier Egeness.

Godt forbrukarnytt

At kvotane på både torsk, sei og hyse er venta å bli lågare dei neste åra, vil normalt føre til ein prisoppgang på seien. Men før det skjer, må næringa få tømt dei smekkfulle seilagera dei sit med. Og det er altså dette som no kjem den norske forbrukaren til gode.

– Seifilet har lenge selt godt i både Tyskland, Polen og Tyrkia, medan den andre stader har fleire konkurrentar. I somme land føretrekker dei torsk fordi han er lysare i kjøtet, medan andre vel den russisk- og amerikanskfiska seikonkurrenten Alaska pollock som både er kvitare og billegare enn norsk sei, påpeiker Finn-Arne Egeness.

Trass i at eksporten av norsk seifilet til Sverige og Frankrike har auka, har salet heller ikkje der slått til som forventa, seier han:

– Sjølv om torskekvoten er venta å auke noko i 2026, er situasjonen med låge torskekvotar venta å halde fram i fleire år. Næringa gjer difor klokt i å stimulere etterspurnaden og vidareutvikle seiprodukta framover.

Lokale fiskarar

I Noreg er Rema 1000 ei av kjedene som no satsar på sal av seifilet. Det viser allereie på salstala:

– Frå 2022 til 2023 auka vi salet av sei med 23 prosent, og dei mest selde produkta var frosne og ferske seifiletar. Laks og torsk står framleis for størstedelen av salet, men vi håpar at sei vil stå for ein endå større del etter kvart, seier Martina Rabsch, som er leiar for varekunnskap hjå Rema1000.

Rabsch seier lågpriskjeda også har teke aktive grep for å få fleire kundar til å få auga opp for sei:

– Vi har nyleg oppretta eit samarbeid med 13 lokale fiskarar. Dei fiskar sei med jukse, og fileterer, porsjonerer, djupfryser og transporterer seien til distribusjonslageret vårt berre timar etter at han har vorte fiska. Sei er jo godt for både helsa, lommeboka og miljøet, så vi håper sjølvsagt han blir vanlegare på middagsborda.

(©NPK)