Remøy Shipping har blitt tildelt ei ny langtidskontrakt med Equinor for plattformforsyningsskipet «REM MIST».

Kontraktsperioden er på seks månader, med opsjon for forlenging.

«REM MIST» er ein stor og moderne PSV med hybridelektrisk system, landstraum og polarkode-sertifisering. Skipet har hatt kontraktar med Equinor sidan leveransen av skipet i 2011, ifølgje ei pressemelding frå Remøy Shipping.

Den nye kontrakta vil vere ei direkte forlenging av den gjeldande kontrakta til 6. mai 2022.