Selskapet Emerald Fisheries - som eig krilltrålaren «Juvel» - selde i fjor krillprodukt for 132 millionar kroner. Eit driftsunderskot i 2011 på 92 millionar er snudd til eit driftsoverskot på 25 millionar.

– Dette er ein milepæl, seier ein nøgd Stig Remøy i Olympic.

Følgsmp.no på Facebook

Ein til?

Olympic sit på ein konsesjon nummer to for fiske etter krill, og har annonsert at selskapet vil ha ein krilltrålar til.

– Den er på veg, seier Stig Remøy, utan å vere særleg meir konkret.

– Vi jobbar med prosjektet. Vi har lært mykje dei fem åra vi har halde på, men er ikkje utlærde. Produksjon og utnytting skal takast eit steg vidare. Det kjem til å bli ein båt som tar med seg grøn teknologi frå offshore. Vi samarbeider også med forskingsmiljøet, som skal bruke skipet utanom fangstperiodane, seier Stig Remøy.

Trur på meir etterspurnad

Olympic har fått sitt eige varemerke for krill -«Rimfrost».

- Dette har vore ein suksess, og vi har fått to prestisjefylte prisar, ein som beste nykommar innan helsekost, og ein for å vere miljøvennleg, seier Remøy.

Han ventar auka etterspurnad framover etter krillolje.

– Og Olympic er godt posisjonert for å ta store delar av denne veksten, seier Stig Remøy.

Lesflere næringslivsnyheter på smp.no

Vil fiske berekraftig

«Juvel» gjennomførde to turar på fiskefelta i Sørishavet i fjor, og har vore tre turar i år. Total fangst i fjor var 10.000 tonn, medan den andre norske krilltrålaraen, som er eigd av Aker Biomarine, fiska nesten ti gongar meir.

– Vår filosofi er å ta lite ut av havet, og å få maksimalt tilbake, seier Stig Remøy.

– Greenpeace og andre miljøorganisasjonar følgjer nøye med på fisket. Ventar du at fisket vil møte motstand framover?

– Vi legg vekt på å fiske berekraftig og å utnytte råstoffet fullt ut, og det trur eg både forskingsmiljøet og miljøvernorganisasjonane legg merke til. Eg trur det er viktig å vere open dersom du skal drive fisket i dette området - som har eit ufatteleg stort matfat. Forskarane meiner at krill er den største biomassen i verda - med 500–800 millionar tonn, seier Stig Remøy.

Eigar: Stig Remøy i Olympic eig krilltrålaren «Juvel»