I desse dagar får reiarlaget Topaz Marine i Dubai overlevert sine to første ankerhandteringsskip med diesel-elektrisk framdriftssystem frå Stadt i Gjerdsvika, melder bedrifta på si nettside.

Administrerande direktør Hallvard Slettevoll ser på kontrakten som svært viktig for Sande-bedrifta.

– Stadt-teknologien er unik ved at den er utvikla med Lean-tankegang,  noko som vert meir og meir påakta i mange samanhengar i desse dagar, opplyser Slettevoll.

Ifølgje bedrifta fører systemet deira til låge drivstoffutgifter, låge utslepp og høg driftstryggleik. Fleire enn 30 skip globalt nyttar i dag Stadt sine framdriftssystem.