I ein artikkel i tidsskriftet Reviews in Aquaculture identifiserer og diskuterer havforskarane dei sju antatt viktigaste kjeldene til risiko for torsken, skriv Havforskningsinstituttet på sine heimesider.

Dei sju risikokjeldene er:

  1. Spillfôr, mindre byttefisk og kunstig lys kan føre til at torsk søkjer mot anlegga.

  2. Torsk vert skremd vekk frå område med oppdrettsanlegg på grunn av bråk.

  3. Endra feittsyresamansetning i spillfôr som torsken et.

  4. Auka vekst på grunn av spillfôr nært anlegg.

  5. Utslepp og eksponering for giftige kjemikalium frå avlusing og notimpregnering.

  6. Økosystema i nærleiken av anlegg kan verte påverka av utslepp, og mattilgangen for torsken kan verte endra.

  7. Smittespreiing av virus, bakteriar og parasittar.

Havforskaren trekker fram spillfôr som ei særleg viktig risikokjelde å undersøke vidare:

– Store mengder spillfôr, truleg 60.000–100.000 tonn per år, kan føre til at villfisk samlar seg rundt oppdrettsanlegga, noko som kan endre samhandlingane og heilskapen i økosystemet, seier havforskar Thomas Bøhn.

– For torsken kan åtferda knytt til beiting, gyting og vandring verte endra, og feittsyresamansetninga frå plantar kan føre til dødelegheit for sårbare livsstadium. Samling av svært mange individ rundt anlegga gjev òg høgare risiko for sjukdomssmitte, legg han til.