(Vikebladet Vestposten:) Styreleiar Kjersti Kleven har stått i bresjen og jobba hardt gjennom sommaren, saman med resten av styret og fleire frå administrasjonen, for å få i hamn ei finansiell løysing. Fredag blei det altså klart, Kleven får inn fleire nye medeigarar, som skyt inn til saman 300 millionar kroner.

– Eg er godt fornøgd med resultatet. Det har vore ein intensiv prosess. Eg er for det første letta over at vi no har ei løysing klar, og for det andre at det er eit godt knippe investorar som kjem inn i konsernet. Dei tilfører relevant og ulik kompetanse. Det er godt å vite, seier Kjersti Kleven.

Ho vel å trekkje fram ein av dei lokale investorane, Åge Remøy, som ho meiner vil tilføre konsernet mykje.

– Åge kjenner vi godt, og han blir viktig. Som lokal investor tilfører han oss solid kompetanse, og ikkje minst, lokalt og regionalt engasjement. Vi er veldig godt nøgde med at Åge og Magnus Roth gjennom InYard Invest er med på laget, seier Kjersti Kleven.

– Arbeidsplassane er viktigast

– Dette har vore ein forhandlingsprosess med mange partar involvert, så resultatet i dag er trass alt det mest interessante. Men det er klart, familien er ikkje lenger majoritetseigarar i selskapet, og det er ei side av det heile. Eksisterande eigarar vil framleis ha ein mindre post i selskapet, og sjølv om det er ei side av saka som er meir vemodig, så investerer vi på nytt gjennom John Kleven AS, så vi blir framleis ein synleg og aktiv eigar i selskapet, seier Kjersti Kleven.

Ho fortel at Hurtigruten er den einaste aktøren som til no har gått ut med sin eigardel i selskapet. Kleven-familien ønskjer å vente litt.

– Alt er avklart, men det er ein del som skal registrerast i Brønnøysundsregisteret, og bankane skal ordne sitt. Nytt styre skal også på plass, så det er nok ei god veke før vi kan offentleggjere vår posisjon i konsernet, seier Kleven og legg til:

– Det viktigaste for oss er at vi kan fortelje våre tilsette at vi har fått i hamn ei løysing som tryggar arbeidsplassar framover. Det er ei løysing som gjer at vi har eit solid fundament å stå på, og som gjer oss i stand til å jobbe for å sikre oss nye kontraktar. Sjølv om det er ei utfordrande tid i marknaden no, så ser vi mange moglegheiter. Difor var det også viktig å få i stand denne avtalen no, slik at vi ikkje skulle gå glipp av moglegheiter til å sikre nye kontraktar. For totaltsituasjonen var dette ei viktig løysing å få i orden no, slik at vi skal kunne vere konkurransedyktige på lik linje med andre aktørar innanfor verftsnæringa.

Intens prosess

Styreleiaren fortel at det har blitt lange dagar og kveldar denne sommaren.

– Ein er på eit heilt anna adrenalinnivå i slike periodar, utan tvil. Det er ikkje kvardagskost. Men det er det sjølvsagt verdt når over 700 arbeidsplassar står på spel, og store verdiar, både økonomiske og samfunnsmessige, seier Kjersti Kleven.

Som fortel at ho trur det er mange i regionen som er letta no.

– Det er ikkje berre for Kleven og Myklebust sine tilsette dette var viktig for, men også for heile regionen. Veldig mange av leverandørane våre held til her på Søre Sunnmøre. Dette er ein viktig dag for heile regionen, seier Kleven.

– Tenkte de på noko tidspunkt at dette ikkje ville gå?

– Ein må ha trua på det ein driv med, og det har vi, seier styreleiaren.

Ho meiner Kleven har eit godt fundament å byggje vidare på, spesielt no som også nye medeigarar er med på laget.

– Vi har satsa mykje på teknologi, vi har vore fleksible og omstillingsdyktige, og ikkje minst, vi har god kompetanse. No skal vi setje oss ned og stake ut ein kurs vidare, og sjå korleis vi kan utvikle oss mot nye mål, seier Kjersti Kleven til slutt.

Saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten