Her viser dei nye modellar, og avslører kva som blir fargetrenden neste år.

Over 300 forhandlarar frå heile Norden skal innom Ekornesbua på Brunholmen dei neste 14 dagane, før messa blir avslutta. Her skal både ein ny sofamodell og ein ny stolmodell visast fram, fortel marknadsdirektør Runar Haugen.

Alle møblane er laga i Norge, og Ekornes har totalt 1600 tilsette – 1000 av dei berre i Sykkylven.

I fjor omsatte Ekornes for 2,8 milliardar kroner, der heile 2,3 milliardar var møblar dei selde i utlandet.

Les meir om Ekornes-utstillinga, fargetrendane og  dei nye Stressless-modellane i papirutgåva av Sunnmørsposten tysdag.