På den tradisjonelle juleavslutninga ved Stressless-fabrikken på Ikornnes kunne bedriftsleiinga fortelje dei mange frammøtte at selskapet i slutten av november og det meste av desember har gjennomført ei omfattande omlegging av sine datasystem. Dette har ført til forstyrrelser av forsendelsane og fakturering av ferdige produkt gjennom desember. Fakturert omsetning for desember er difor berørt av desse forstyrrelsane.

Slik det ser ut vil omsetninga i fjerde kvartal liggje på ca. 630 millionar kroner, mot 721 millionar i same periode i fjor. Omsetninga i 2013 ser dermed ut til å bli ca. 2.570 millionar, mot 2.763 millionar i 2012.

Selskapet sin ordreinngang i 2013 ser ut til å bli ca. 2.540 millionar kroner, mot 2.723 millionar i fjor. Ordrereserven ved utgangen av året er på ca. 260 millionar, som er ca. 30 millionar kroner lågare enn i fjor, heiter det i ei børsmelding.