Mar er ein avslutta podkast. Programleiar i Mar var næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad, som har skifta beite.

Debattspesial: Torskeoppdrett

Etter ei gigantrømminga i Volda i september 2022, har både naturvernarar og fiskarar kravd stans i nytt torskeoppdrett.

Næringsaktørane sjølv er stolte over å skape distriktsarbeidsplassar og levere etterspurt mat: altså gir Norge eit nytt bein å stå på.

Trude Nordal i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda møtte Rune Eriksen, leiar for Torskenettverket til debatt.

Inseanergy og Havkraft: energi fra sjøen

Vi treng meir fornybar kraft, men energiutbygging er ikkje konfliktfritt. Kva med bølgekraft og solceller til sjøs? Dette er to grøne alternativ som hittil berre har vore på teststadiet. Vil gründerane slå gjennom eller er dei i realiteten dømt til å bli verande dvergar?

Geir Arne Solheim (Havkraft) og Jan Erik Våge Klepp (Inseanergy) jobbar jamt og trutt og har framgang å vise til. Møt dei i denne episoden av Mar.

Atomkraft-debatt

Med Putin, krig, klimaendringar og høge prisar står Norge og Europa i ei energikrise. No ropar mange på meir atomkraft som botemiddel. Korleis bør vi i Norge stille oss til atomkraftutbygging?

Professor Jan Emblemsvåg ved NTNU i Ålesund er ein varm tilhengar av atomkraft. Han vekker stor interesse og får mykje støtte når han uttalar seg via sosiale eller i redaksjonelle medium.

Bror Eskil Heiret er energipolitisk rådgjevar i Natur og Ungdoms Russlandsprosjekt. Han barka saman med Emblemsvåg i debatt.

Avento og NTNU slår alarm: Stor mangel på IT-folk

Norge manglar 40.000 datautviklarar. Kva konsekvensar har det for samfunnet og næringslivet? Og kva må gjerast? Torill Standal Eliassen frå Avento, Rune Volden frå NTNU og student Henrik Bråthen gjesta Mar.

Kvotering i næringslivet - bra eller dårleg?

– Vi har jo hatt desse kampanjane i Møre og Romsdal kor vi seier at vi vil ha kvinnene heim til «kvinnearbeidsplassar». Det er det verste eg høyrer. Kven er det av 23 år gamle kvinner, som utdannar seg til jurist, økonom eller ingeniør, som vil heim for å bli tilbode ein «kvinnearbeidsplass», seier Ulstein.

Ho er tilhengar av kjønnskvotering, mellom anna i ASA-styrer, så lenge det er nødvendig. Med i denne episoden er også Marielle Furnes Mannseth frå Norwegian Hydrogen og debattjournalist Inger-Johanne Ruset.

Godt vaksen arbeidskraft på dynga?

Skal velferdsstaten overleve må dei som kan jobbe faktisk jobbe Hodejeger og mentor Trine Elise Rødal vil hjelpe godt vaksne arbeidssøkarar med å finne ny jobb. Ein av dei er Torill Fure (58) som har vore på 240 jobbintervju dei siste åtte åra:

Sunnmørsk IT-gründer om sine ukrainske kollegaer

Vi høyrer mykje snakk om korleis Russland sin økonomi skal straffast på grunn av landet sin angrepskrig mot Ukraina. Vi høyrer nesten ingenting om korleis ukrainske forretningspartnarar kan takast vare på. Høyr Håvard Notøy i Fostech fortelje om korleis det er å vite at partnarar i Ukraina gøymer seg i kjellarar. Få også ein økonomisk analyse og personlege tankar frå den ukrainske NTNU-professoren Viktoriia Koilo. Episoden er på engelsk.

Vil revolusjonere dei digitale møta

Det handlar om å få mennesket tilbake kommunikasjonen, «rehumanisering» som Jon-Rune Nygård i CommuRoom kallar det. Han deltar i Mar saman med Unni Grebstad i Ocean Visioneering.

Under pandemien vart vi vande med å vere burhøns i kvar vår firkant på Teams. Med 3D-univers og kreativ kamerateknologi vil dei to selskapa på kvart sitt vis ta dei digitale møta til neste steg. Slik vil dei gjere unødvendig, dyr og forureinande reising overflødig.

Dei har to ulike løysingar. Er dei konkurrentar? Kva kan dei lære av kvarandre? Og kva er det dei fysiske møta har som ein førebels ikkje har hatt digitalt?

Innovasjon Norge har ståltru på selskapet Kjersti Kleven er styreleiar for

Korleis avgjer Innovasjon Norge kva for bedrifter som får støtte og ikkje? Og kvifor gjekk Kjersti Kleven frå verftsindustri til å verte styreleiar for eit selskap som bygger stålbruer? Det får du svar på i denne Mar-episoden.

Prodtex har klare røter i Kleven Vert. Kjersti Kleven gjestar Mar saman med finansieringsrådgjevar Mari Dorthe Michaelsen frå Innovasjon Norge.

Optimar og Russland

(Episoden vart produsert over tre månader før Russland gjekk til krig mot Ukraina)

Sunnmørske Optimar har levert rekordstore fabrikksystem til sjømatnæringane i Russland. Kvifor har den russiske marknaden vore så attraktiv? Og korleis har Optimar vurdert omdømmerisikoen ved å vere involvert i eit land som ikkje er demokratisk styrt?

Det norske sjømateventyret i ei ustabil verd

Norsk sjømateksport smadrar stadig nye rekordar, og har vorte eit av beina Norge kan stå på etter oljen. Kor sårbar er sjømatnæringa for internasjonale kriser og spenningar. Temmeleg sårbar, har det vist seg fleire gonger. I episoden deltar Botholf Stolt-Nielsen frå lakseeksportøren Ocean Supreme og sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness frå Nordea.

Kan tareskogen sin fiende bli matindustri?

Bestandane av kråkebollar er heilt ute av kontroll. Det burde bekymre alle, og spesielt fiskarane. Brian Tsuyoshi Takeda synest saka får altfor lite merksemd. Han vil kommersialisere fangst og oppfôring av kråkebollar og selje dei til ein godt betalande marknad. Han har gigantinvestorar med på laget, men kor er dei lokale støttespelarane?

Hugs at Mar også kan høyrast som rein podkast i bilen, når du trenar, kviler eller gjer husarbeid:

Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.

Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.