– Vi hadde ikkje planar om å kjøpe ei eiga bedrift der borte. Men då vi fekk tilbodet om å ta over, fann vi ut at det ville løne seg reint økonomisk, seier dagleg leiar Joakim Helland.

– Kva må ein betale for ei slik bedrift?

– Nok pengar, svarer Helland løyndomsfullt.

Underleverandør

Treverksbedrifta har i alle år vore underleverandør til møbelfabrikkar i Sverige. Det siste året har også Helland handla ein del hos dei.

– Bedrifta skal framleis levere til andre møbelprodusentar, men ikkje i like stor grad som før, ettersom vi no skal hente alle våre treprodukt her, seier Helland.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Dette betyr at alle 49 tilsette i Hapval får halde fram i jobbane sine sjølv om eigarane no blir norske og bedrifta skiftar namn.Samtidig skal Helland framleis ha leigesaum frå ei norskeigd bedrift i Estland.

Flytting

Dei siste vekene har store flyttelass gått ut frå Stordal:

– Vi har nytta sommaren til å flytte maskiner og anna utstyr til Estland, forklarer Helland.

– Kva blir igjen i Stordal?

Salsauke

Han meiner dei allereie har sett effekten av utflagginga som har pågått ei tid:

– Vi har så langt i år ein salsauke på 40 prosent. Vi hadde ikkje klart å selje så mykje møblar til norske prisar, meiner Joakim Helland.

<strong>Stol:</strong> Helland produserer mellom anna stolen Modus Bariartri, teikna av Fredrik Torsteinsen.