Eventhub AS, driftsselskapet bak Fjøla Café & Event, er konkurs.

Severin Welle, styreleiar, dagleg leiar og ein av to eigarar, ifølgje offentlege register, sa til lokalavisa Nyss i november i fjor at han hadde fått drifta av staden litt opp i halsen og ønskte å finne nye eigarar.

– Det siste året har vore vanskeleg, men vi synest det er eit knallbra tilbod som vi har lagt mykje tid og energi i. Difor vonar vi at nokon kan ta over drifta, slik at tilbodet består. Særleg for ungdomen, sa Welle då.

Årsaka var at pandemien hadde øydelagt mykje, og at det hadde vore vanskeleg å halde ting gåande.

I tingretten denne veka opplyste selskapet at dei no ikkje var i stand til å betale rekningane sine, og at den samla gjelda er på 271.000 kroner.

Verdiane i selskapet skal ifølgje styret vere på omtrent 51.000 kroner.

Advokat Bjørn-Ivar Borgund er oppnemnt som bustyrar. Skiftesamling er 28. november.

Siste rekneskap som er offentleg er for 2020. Då var inntektene 2.1 million, med eit resultat før skatt på minus 257.000 kroner.

Sunnmørsposten har ikkje kome i kontakt med eigaren.