Prosjektet er stort og omfattande og krev mange endringar. Særleg stort omfang er det innan stålområdet, skriv Ulstein Verft i ei pressemelding fredag.

– Båten skal utrustast med eit nytt fôrsystem. I dag har båten 62 silotankar. Dei seks fremre siloane skal fjernast for å gi plass til ei pelletheis, fortel Marita Myrvågnes på sal ettermarknad ved Ulstein Verft i pressemeldinga.

Eidsvaag AS gjer denne ombygginga for å auke fleksibiliteten og utnyttinga av fartøyet sine kapasitetar.

Båten skal opp i dokka for mindre arbeid på framdriftssystemet. Ulstein skal i tillegg ha noko ombygging på ballastsystemet, i samband med arbeid som vert utført om bord.

– I prosjektet arbeider vi tett saman med reiarlaget og designselskapet Kongsberg Maritime, understrekar Marita Myrvågnes, som nyleg gjennomførte overleveringsmøtet frå sal til prosjektgruppa i Ulstein Verft.

Ulstein Verft ønskjer å nå ut til nye kundegrupper gjennom ettermarknadsområdet sitt. Ombyggingsoppdraget for Eidsvaag AS er eit døme på eit slikt prosjekt.

Salssjef ettermarknad i Ulstein Verft, Martin Sundgot Hansen, seier at verftet har god ordrereserve på nybygg framover, men god kapasitet på ettermarknadsprosjekt.

– Medan det er høg utnytting av dokka i løpet av året ønskjer vi særleg å skape større aktivitet ved kai, både med lengre ombyggingsprosjekt som dette, men også med mindre prosjekt, seier Hansen.