- Dette er frykteleg kjedeleg og veldig tungt, for å seie det mildt, seier dagleg leiar Joakim Helland til Bygdebladet.

I januar vart det kjent at dei sa opp sju tilsette og flytta delar av produksjonen sin til Baltikum.

Ifølgje Helland, vil det no vere rundt tretti arbeidarar igjen på Helland Møbler i Stordal.

Det er nedgang i både marknaden og salet som gjer at bedrifta må ta grep ifølgje Bygdebladet. Ifølgje Joakim Helland er permitteringsreglane også blitt så umoglege at det ikkje er vits i å vurdere permittering.

Sidan juni 2013 har rundt 50 personar blitt arbeidsledige i Stordal.

- Eg skulle ønskjer det kunne vere andre vegen – at vi heller kunne tilsette fleire folk. Men produksjon i Norge er ikke noko staten har satsa på siste tida, så det er denne vegen det går, seier Helland til Bygdebladet.

Joakim Helland.