Island Offshore har sikra seg arbeid

Fartøya «Island Valiant» og «Island Constructor» har sikra seg jobb på Draugenfeltet for A/S Norske Shell utover våren og sommaren.

Island Contructor i opplag i Ulsteinvik. ARKIV  Foto: Marius Rosbavh

Supply

«Island Valiant» tek til med såkalla IMR-arbeid (Inspection, Maintenance and Repair) på tre brønnar i april, eit oppdrag som varer i ca. to veker. Dette skal førebu jobben som «Island Constructor» skal gjere seinare på sommaren, melder reiarlaget.

Heile 90 permitterte blir no henta tilbake i arbeid att, opplyser reiarlaget i Ulstein til Maritime.no.

«Island Constructor» er tildelt tre jobbar av ulik varigheit, og startar først på forsommaren med lett brønnintervensjon samt såkalla 'scale squeeze' på to brønnar på Draugen.

Deretter vert «Island Constructor» hyra inn att for to oppdrag i august/september med lett brønnintervensjonsarbeid samt IMR-arbeid.

Totalt har desse kontraktane ein verdi på om lag 100 millionar kroner for Island Offshore, opplyser reiarlaget.

Brønnintervensjon

I tillegg har dei to andre brønnintervensjonsfartøya, «Island Wellserver» og «Island Frontier», teke til på sine faste kontraktar, med oppstart 1. april.

Desse to fartøya har kontrakt med Statoil på 200 dagar fast per år fram til 2020.

– Dette er kjærkome arbeid etter ein tøff vinter der brønnintervensjonsbåtane våre har vore i vinteropplag. Det er svært gledeleg å sjå folka våre og båtane mobilisere og kome seg i arbeid igjen når sesongen no tek til, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.


 

Island Offshore kjøper obligasjonsgjeld

Island Offshore har fått tilslag på tilbodet sitt: 230 millionar kroner i gjeld er kjøpt tilbake for 167 millionar.

Mohn hjelper Island Offshore

Bruker kvart milliard på å kjøpe deler av Island Offshore sitt obligasjonslån.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Supply