PSV-en «Olympic Energy» skal få batteri om bord som gir miljøvenleg energi under drift, og som kan ladast med landstraum.

Det nye systemet vil bli installert samtidig som fartøyet er i operasjon for Statoil i Nordsjøen.

– Dette blir eit av dei grønaste offshoreskipa i verda. Vi ønskjer å setje standard i nordområda, seier Olympic-reiar Stig Remøy til Sunnmørsposten.

– Genialt

Enova går inn med nesten seks millionar kroner i støtte til prosjektet. Batteri i skipsfarten er framleis i startgropa, og Enova ønskjer å bidra til uttesting av fleire former for batteriløysningar.

– Å kople saman landstraum og batteri er ein genial måte å tenke både hybridisering og bruk av landstraum på. På sikt vil slike løysingar føre til betydelege utsleppskutt både i hamnene og til sjøs, seier Petter Hersleth, Enovas marknadssjef for transport.

Olympic har fått med seg Vard Electro på laget. Dermed blir utviklinga gjort på Sunnmøre.

Kombinerer landstraum og batteri

«Olympic Energy» skal vere eit av dei første offshoreskipa i verda som har batteripakke. Batteriet kan takast i bruk når energiforbruken er på topp.

Dermed blir det behov for færre motorar i gang. Dette sparer reiarlaget både for drivstoff og vedlikehald. Batteribanken, som dei kallar det, blir på 460 kWh.

I tillegg kan altså skipet kople seg på landstraum.

Nyvinninga skal ligge i kombinasjonen mellom batteri og landstraum.

– Batteri, skipets styringssystem og landstraumløysninga skal «snakke med kvarandre». Slik kan skipet kombinere landstraum og batteri ved kai når skipet treng mykje kraft til kraner, pumper og andre større forbrukarar, forklarer Enova.

Mindre støy frå skip

I tillegg kan supplyskipet lade opp batteri-pakken kvar gong dei er i hamn.

– Ved å bruke eit batteri i tillegg til dagens LNG- og dieseldrift, vil vi kunne redusere talet på motorar som er i gang. I tillegg vil motorane gå meir optimalt. På den måten sparer vi både drivstoff og gangtid på motorane, noko som igjen reduserer vedlikehaldskostnadene våre betrakteleg, forklarer Trond Skogen i Olympic Shipping.

– Å integrere batteribanken i kombinasjon med auka landstraumskapasitet for båten viser store miljøinnsparingar. Dette vil redusere utsleppa, og ikkje minst støy frå skip i hamn, seier Christian Søvik i Vard Electro.

Innsparinga totalt skal tilsvare rundt 400 norske bustader.

Olympic vil vere i front

Stig Remøy.

I 2012 var «Olympic Energy» det første offshoreskipet på Sunnmøre som kan gå på naturgass i tillegg til diesel. Olympic-reiar Stig Remøy fortel at han gjerne vil vere i front på miljøsida. Kostnaden med investeringa er større enn dei 5,75 millionar kronene dei har fått i støtte frå Enova.

– Det kostar vesentleg meir enn dét, er alt Stig Remøy vil seie om den saka.

– Statoil vil få ein av dei grønaste logistikkoperasjonane i verda, legg han til.

– Tenker du at dette kan installerast på fleire Olympic-båtar?

– Det får vi sjå framover. No skal vi måle resultata, om dei stemmer med dei teoretiske utrekningane. Eg ser ikkje bort frå at batteri kan bli ein del av utrustinga på offshoreflåten, seier Remøy.

– Enormt potensiale

I Enova er dei ikkje like tilbakehaldne.

– Dette er ny teknologi som lett vil kunne bli nytta av ei stor gruppe aktørar. Spesielt store fartøy, som offshorefartøy, cruiseskip og fraktefartøy, vil ha veldig stor nytte av å integrere batteri og landstraum. Potensialet er dermed enormt, og vi har tru på at andre raskt vil ta i bruk slike løysingar når Olympic no går føre og viser at det er muleg, seier Hersleth i Enova.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!