Nye skip for Havyard

Havyard opplyser at dei har fått kontrakt på to nye skip, med opsjon på ytterlegare eitt fartøy.

Havyard 831 SOV, vindmølle serviceskip. Mest truleg er det to slike som Havyard no har fått kontrakt på. 

Supply

Dei to skipa skal byggjast ved Havyard-verftet i Leirvik, og skal leverast i 2020 og 2021, opplyser Havyard i ei børsmelding. Frå før var ordreboka til Havyard på rekordhøge 3,5 milliardar kroner.

Kunden er eit utanlandsk selskap, og skipa skal brukast innan fornybar energi. Havyard har tidlegare levert fleire såkalla vindmølleskip til det danske reiarlaget Esvagt. Dette er båtar som blir brukt under vedlikehald av offshore vindmøller. Mest truleg er det to slike fartøy som Havyard no har fått kontrakt på.

Nærare opplysningar om prosjekta vil bli gitt i løpet av kort tid, melder Havyard i børsmeldinga. Havyard er kontrollert av Sævik-eigde Havila.

Ifølgje Havyard er det forventningar om investeringar på 1.000 milliardar kroner innan offshore vindmøller berre i Europa. Desse vindmøllene-parkane blir plassert stadig lenger unna kysten. Derfor er det nødvendig med fartøy som kan vedlikehalde møllene, har Havyard opplyst tidlegare.

Havyard designer ny type vindmølleskip

– Havyard 831 SOV er utvikla for å dekke ei ny nisje, opplyser Havyard Design & Solutions i Fosnavåg.

 
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Supply