Havyard sjøset to kombinerte isbrytarar og offshorefartøy

MV Normann er det andre skipet i serien, etter prototypen som vart levert i fjor haust.

Isbrytar og offshoreskip MV Normann er sjøsett frå verftet i Tyrkia, og skal utrustast ved Havyard-verftet i Leirvik i Sogn. Isbrytaren er også designa som ankerhandteringsfartøy med plattform forsyningsfunksjonar.   Foto: Havyard

Verft

Desse skipa er bygt for å operere under ekstreme forhold, og dei har isbrytarklasse og maskinkraft som gjer at dei kan bryte ein meter tjukk is med tre knops fart, opplyser Havyard Ship Technology.

Havyard 843 Ice er også designa som ankerhandteringsfartøy med plattform forsyningsfunksjonar. Dette gjer at dei opererer som isbrytarar om vinteren, og som offshorefartøy på sommarstid. 

Testa i 40 cm is

Det første skipet, Aleut, blei levert frå Leirvik i november 2015. Reiarlaget skal så langt vere godt fornøgde med båten.

– Til trass for at dette var ein prototype så har det vore veldig lite problem med båten, seier prosjektleiar i Havyard Ship Technology, Erlend Hatleberg.

– Aleut har ikkje fått testa kreftene sine på meir enn førti centimeter is, men det gjekk helt problemfritt, seier ein nøgd prosjektleiar.

Har allereie kontrakt

Isbrytarserien blir bygd for reiarlaget Femco, og bygg 129 frå Havyard Ship Technology skal leverast frå verftet i Leirvik i Sogn til Femco i oktober. Reiarlaget har alt inngått ein tiårs-kontrakt med ExxonMobil, og skipet skal operere på øya Sakhalin, som ligg i den nordlege delen av Stillehavet.

Denne andrer båten har fått namnet MV Normann.


Havyard døypte isbrytar i Bergen

Den russiske isbrytaren skal operere i nokre av dei tøffaste forholda som er.



Havyard 843 ICE
  • Lengde: 86 m
  • Breidde: 19,5 m
  • Djupgang: 7,25 m
  • Fart: 16 knop
  • Trekkraft: 201 tonn
  • Ankerhandteringsvinsj: 250 tonn
  • Innreiing: 34 personar
– Alle de tre båtane har fått namn til minne om folkegrupper mot nordlege og isfylte havområde. Den første båten, «Aleut», har namn etter folket på Aleutane i Alaska som var ein tidlegare russisk koloni. «Normann» er til minne om nordmenn som busette seg på Kolahalvøya på 1800-talet. Den siste i rekka, «Pomor», er namngitt etter folket ved Kvitsjøen, opplyser Havyard.

To skip i slep

Både «Normann» og det siste søsterskipet «Pomor» skal vere klare til å slepast frå Cemre i Tyrkia i slutten av mars. Ved månadsskiftet april/mai er begge to venta å vere på plass i Leirvik klare for utrusting. Begge skipa er planlagt for levering i oktober 2016, og dette sikrar Havyard Leirvik arbeid i tida framover.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Verft