Audun Lysbakken: – Som å piske ein daud hest

SV-partileiar Audun Lysbakken tviler på fornying i regjeringa så lenge Granavollplattforma ligg fast.
Innenriks

– Dette er framleis ei blå, grå og borgarleg regjering som skal styre på ei plattform med mykje Frp-politikk. Det blir som å piske ein daud hest, og ikkje eit nytt politisk prosjekt, seier Lysbakken.

Han utfordrar no nye statsrådar som klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V), olje- og energiminister Tina Bru (H) og samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) til å trekkje regjeringa i ei ny retning.

(©NPK)