Hauglie: – Mitt val å gå av

Påtroppande arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier alle Nav-offer skal få den behandlinga dei har krav på. Anniken Hauglie seier ho sjølv valde å gå av.
Innenriks

– Eg ser fram til å halde fram ryddejobben som du har starta, sa Røe Isaksen ved nøkkeloverrekkinga.

Han understrekar at det han vil prioritere absolutt høgast som arbeids- og sosialminister, er å sikre at alle dei som er ramma, får den behandlinga dei skal få.

– Dette er eit departement som grip inn i livet til dei aller fleste i Noreg, særleg når livet ikkje blir som planlagt, seier Røe Isaken.

Han tok over nøkkelen til arbeidsdepartementet frå Hauglie, som stadfesta at ho sjølv har signalisert at ho ikkje ville halde fram som arbeidsminister etter Nav-skandalen.

– Det var mitt val, seier Hauglie og la til at det har vore «kjent lenge» at ho ikkje ønskte å stille til val som stortingsrepresentant neste periode eller vere ein del av laget til Solberg.

– Det var berre spørsmål om tid. Då Frp gjekk ut av regjering, vart det eit naturleg tidspunkt å gå av på, seier Hauglie.

Raudt, SV og MDG har tidlegare varsla mistillit mot arbeids- og sosialministeren, medan Arbeidarpartiet og Senterpartiet har vore i tenkjeboksen. Nav-offer har kritisert at Hauglie tar den feige vegen ut etter Nav-skandalen.

– For meg har det vore viktigast å kome godt i gang med oppryddinga og leggje eit godt grunnlag for at nestemann kan ta det vidare, seier Hauglie.

(©NPK)