Nav-ofre meiner Hauglie tar den feige vegen ut

Det er flautt at ansvarleg statsråd for Nav-skandalen snik seg ut bakvegen, seier leiar i AAP-aksjonen Elisabeth Thoresen.
Innenriks

Thoresen reagerer sterkt på at statsminister Erna Solberg (H) vel å byta ut arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) midt i mistillitsprosessen mot sistnemnde.

– Det er bra at Hauglie går av, men dette skjer på heilt feil måte. Ho burde ha gått av anten ved eit mistillitsforslag eller ved å ta eit steg fram og seia «eg har ikkje gjort jobben min». No snik ho seg ut bakvegen, meiner Thorsen.

– Samtidig kan me ikkje tolka dette annleis enn at Erna Solberg og heile regjeringa har mistillit til henne, for dette er ein uvanleg måte å gjera det på, seier Thorsen.

Ho meiner mistilliten no må rettast mot den øvste leiaren i regjeringa, Erna Solberg.

– Erna Solberg har det overordna ansvaret, og ho har sove på vakta si.

Stortingets kontrollkomité heldt høyring om Nav-skandalen i starten av januar, og partia på Stortinget er midt i sine vurderingane når det gjeld mistillitsforslaget mot Hauglie i det utskiftinga skjer.

Minst 78 personar er urett dømde, og mange tusen er ramma av at Nav i ei årrekkje har feiltolka ei EU-forordning som gir rett til å ta med seg sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar til andre EØS-land.

Thoresen seier reaksjonane på avgangen blant Nav-offera er ei blanding av glede over at Hauglie forsvinn og ei fortviling over at ansvaret no ser ut til å bli pulverisert.

– Det er ingen som tar ansvar for Noregs største rettsskandale. Det er rett og slett flautt, seier Thoresen.

(©NPK)