Solberg trur på «Hareide-effekt»

Tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide vil når han no går inn i regjeringa, bidra til å løfte oppslutninga om regjeringspartia, håper statsministeren.
Innenriks

– Knut Arild Hareide blir samferdselsminister. Det veit eg er overraskande for mange etter KrF-retningsvalet. Men eg er glad for at Knut Arild vil bidra i regjeringa, og eg trur det vil vere med på å styrkje oppslutninga om prosjektet i dei tre regjeringspartia, sa statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse fredag.

– Knut Arild og eg har jobba tett saman i veldig mange år. Han kjem til å gjere ein god jobb for å byggje veg, bane og kollektivtilbod over heile landet, sa Solberg

(©NPK)