Solberg med rekordkort utgreiing – vekkjer reaksjonar

Knapt tre minutt brukte statsminister Erna Solberg (H) på å gjere greie for Stortinget om arbeidet til den nye mindretalsregjeringa. Spesielt, meiner SV.
Innenriks

– Regjeringa held fram med å styre på Granavollplattforma. Eg vil med dette invitere Stortinget til eit konstruktivt samarbeid, sa Solberg i den særs korte utgreiinga, som Stortinget skal debattere torsdag.

I vandrehallen etterpå lét ikkje reaksjonane vente på seg.

– Det var ein utruleg spesiell seanse, seier SV-leiar Audun Lysbakken til NTB.

– Her hadde ho ei moglegheit til å gjere greie for kva ho vil med den nye regjeringssamansetninga. Men så har ho absolutt ingen ting å melde, seier han.

Solberg: Viktig signal

Sjølv viser Solberg til forklaringa som vart halden då KrF gjekk inn i regjeringa for eitt år sidan.

– Utgangspunktet vårt er at vi skal styre på Granavollen. Den utgreiingsdebatten hadde vi i fjor, seier ho.

– Det er eit viktig signal at det er kort, at vi ikkje skal ha eit alternativt dokument til Granavollen. Å skifte grunnlag for det vi skal jobbe med, ville vore bortkasta tid, understrekar ho.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner forklaringa styrkjer det som vil vere hovudprioriteringa til Arbeidarpartiet framover.

– Arbeidet vårt handlar no om å skaffe eit nytt fleirtal for Noreg, slår han fast.

Sveitserost

Støre peikar òg på at Granavollplattforma har vorte hola ut etter at Frp har trekt seg frå mange av kompromissa som dei sjølv var med på å forhandle fram.

– Ho byrjar å ta form av ein sveitserost. Og den som borar hola, er Frp, seier han.

– Det som blir Erna Solbergs store utfordring, er å få dette til å henge saman, med eit Frp som openbert søkjer meir makt og mindre ansvar, seier han.

Nei til snikksnakk

Samtidig signaliserer han liten vilje til å inngå forlik med regjeringa dersom dei ikkje blir samde med Frp.

– Det er 600 dagar til valet. Skulle moglegheitene by seg til å få gjennomslag for politikken vår, vil eg ikkje stengje døra for det. Men eg har ikkje tenkt å bruke vår tid på snikksnakk og små taktiske manøvrar frå ei regjering som skal sjonglere mellom partnarar. Då får dei gå andre stader, slår Støre fast.

– Er det mogleg at Frp dermed kan få større gjennomslag utanfor regjering enn innanfor?

– Det er jo merkeleg at eit parti vil ut av regjering for å få meir innverknad, seier Støre.

(©NPK)