Arbeidarpartiet ønskjer nytt klimaforlik

Arbeidarpartiet inngår gjerne endå eit klimaforlik i Stortinget, så lenge ein sikrar arbeidsplassar og tiltaka ikkje er urettferdige.
Innenriks

– Vi har nokre erfaringar med forlik med denne regjeringa som ikkje er gode. Men desse spørsmåla er så viktige at det er bra å sende signal om ei brei semje som kan vare gjennom ulike regjeringar, seier klimapolitisk talsperson Espen Barth Eide (Ap) til NTB.

– Vi ønskjer å finne løysingar som oppfyller tre mål: Kutte utslepp, skape jobbar og sikre at omstillinga er rettferdig, understrekar han.

Om ein sektor må omstille seg, må ein ha med menneska, er bodskapen.

– Vi skal framleis ha økonomisk vekst. Vi skal nyindustrialisere Noreg, vi skal framleis ha landbruk, vi skal reise rundt, vi skal bu godt med varmt vatn i dusjen og varm stove, lovar Ap-politikaren, som meiner framleis økonomisk vekst må liggje til grunn.

Han meiner rapporten Klimakur 2030, som vart lagd fram fredag, viser at det er mogleg å nå klimamåla med teknologien som er tilgjengeleg i dag, men legg til at det vil koste både pengar og endra livsstil.

Barth Eigde peikar spesielt på karbonfangst- og lagring som eit viktig tiltak for å nå målet om minst 40 prosent kutt i utsleppa innan 2030.

– Av alle Noregs bidrag til å løyse klimakrisa, er dette nummer éin, seier han, og håper regjeringa gir klarsignal til eit fullskala anlegg i år.

Ap-politikaren meiner òg staten og kommunane bør bli endå flinkare til å be om dei mest klimavennlege produkta i anbodsrundar.

(©NPK)