Pelsdyrerstatning med ukjend prislapp

Framstegspartiet og regjeringspartia er samde om ei kompensasjonsordning for pelsdyrbøndene som må avvikle bruka. Kva det vil koste, er høgst uklart.

Arkivfoto: Alf Ove Hansen/NTB scanpix 

Innenriks

– Vi går bort frå tispetillegg og bokført verdi. No skal vi ut og taksere kvart enkelt bruk, seier statssekretær Widar Skogan (KrF) i Landbruksdepartementet til NTB.

Alle takstane skal setjast av same selskap.

– Dette sikrar både individuell vurdering, at alle blir behandla etter dei same kriteria, og at kompensasjonen dekkjer faktiske utgifter og inntektstap, seier Frps landbrukspolitiske talsperson Morten Ørsal Johansen.

Ordninga kom på plass i tolvte time og berre eit par timar før Stortinget skulle behandle eit forslag frå Senterpartiet om «full erstatning» til pelsdyrbøndene.

Også opposisjonen var fornøgd med den rykande ferske avtalen frå dei fire partia på borgarleg side, noko som sikrar breitt fleirtal for forslaget frå Frp, Høgre, Venstre og KrF.

Uklar kostnad

Kva den nye ordninga vil koste, er likevel uklart.

– Ingen kan seie noko om det, seier Ørsal Johansen.

Men landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) vedgår at den totale prislappen mest truleg blir høgare enn den ramma som hittil er lagd til grunn.

Noko av årsaka til uvissa er at medan den gamle ordninga følgde nokon standardiserte satsar, mellom anna for tispetillegg, vil det no bli ein individuell takst for omkring 180 ulike pelsdyrbruk.

Ei utrekning av skinnprisar og vurdering av venta salsverdi i ein marknad utan forbod mot hald av pelsdyr, skal dessutan inngå i grunnlaget for taksering og verdivurdering av pelsdyranlegg, kjem det fram av avtalen.

Ramma for den førre ordninga var anslått til vel 800 millionar kroner.

– Eg vil tru denne ordninga er i alle fall på det doble, seier leiaren i næringskomiteen Geir Pollestad (Sp) til NTB.

Det vil i så fall tyde at kompensasjonen kan kome til å koste staten omkring 1,5 milliardar kroner.

Før sommaren?

Frp og regjeringspartia definerer saka som eit inngrep som liknar oreigning – sjølv om regjeringa tidlegare har sagt at det ikkje var snakk om oreigning. Omgrepet tyder at staten tar ifrå nokon eigedomen deira med tvang, og at dei derfor får ein økonomisk kompensasjon for det.

Den nye ordninga må forankrast i ei forskriftsendring. Landbruksministeren seier forskrifta skal på plass så snart som mogleg.

– Eg skal gjere det eg kan for å få henne ferdig før sommaren. Det tar fire–fem veker å utarbeide forskrifta og etterpå skal ho på høyring. Det tyder at ho tidlegast vil vere klar i mai–juni, seier Bollestad.

«Uverdig prosess»

Det var Venstre som i regjeringsforhandlingane, først på Jeløya i 2018 og så på Granavollen i fjor, fekk gjennomslag for å avvikle pelsdyrnæringa innan 2025.

Men diskusjonen om erstatning for pelsdyrbøndene som blir tvinga til å avvikle, har vore lang og kronglete. Ordninga har fleire gonger vorte jekka betydeleg opp.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet retta tysdag hard kritikk mot korleis regjeringa har handtert saka.

– Dette har vore ein uverdig og usakleg lang prosess som har sett folk på pinebenken, seier Aps Terje Lien Aasland til NTB.

– Det viktigaste for oss er at saka blir avslutta med ein snev av sømd, seier Pollestad.