Helge André Njåstad (Frp) ønskjer attval

Helge André Njåstad (Frp) stiller til attval for den tredje perioden sin på Stortinget, skriv Dagbladet.
Innenriks

Njåstad (39) har vore stortingsrepresentant for Hordaland sidan 2013. Før det var han ordførar i Austevoll i ti år, eit verv han tok over som 23-åring.

I januar i fjor trekte Njåstad seg frå alle tillitsverv, mellom anna som Frps finanspolitiske talsperson og parlamentarisk nestleiar, etter å ha delt sensitive metoo-opplysningar med ein partifelle.

– Eg valde å stå oppreist for å svare på kritikken og ta ansvar for det eg hadde gjort, i staden for å leggje meg ned, seier Njåstad til Dagbladet.

(©NPK)